Lesetid: 27 min
Det var eingong ein stor ufred, og daa han slutta var det mange soldatar som fekk avskil. Ein av deim var Sutalaus’n og. Han fekk ikkje anna ei liti kommisa og fir skilling i peng, og med dei gjekk han sin veg. Men Sant Peter hadde teke skapnaden aat ein fatigmann som sat veg vegen og bad seg, og daa Sutalaus’n kom, bad han um ei olmosa.

«Kjære deg, kva skal eg gjeva deg?» sagde Sutalaus’n. «Eg hev vore soldat og hev fenge avskil, og hev ikkje anna ei liti kommisa og fir skilling i peng, og naar det er alt, lyt eg beda meg nett som du. Men eg skal gjeva deg av det eg hev».
So tok han og skifte kommisa i fire luter, og gav fatigmannen ein av deim, og so ein skilling. Sant Peter takka fyr seg og gjekk eit stykke til, og der sette han seg paa vegen att i skapnaden aat ein annan bedjar. Daa soldaten kom so bad han um ei gaava att. Sutalaus’n sagde som han hadde sagt fyrr, og gav han ei fjordeparten av brødet og ein skilling. Sant Peter takka fyr seg og gjekk, sette seg tridje venda i ein annan skapnad, og var bedjar og tala til Sutalaus’n. Sutalaus’n gav han den tridje fjordeparten av brødet og ein skilling. Sant Peter takka fyr seg, og Sutalaus’n gjekk og hadde berre att ein fjordepart av brødet og ein skilling. So gjekk han inn i eit vertshus og aat upp brødet og kaupte øl fyr skillingen. Daa han var ferdig, gjekk han att, og so raaka han Sant Peter. No hadde han skapnaden aat ein avdanka soldat. Han kom og spurde: «God dag, bror, kann du ikkje gjeva meg eit stykke brød og ein skilling til ei krus øl?» — «Kvar skal eg faa det ifraa», sagde Sutalaus’n, «eg hev fenge avskil og berre ei kommisa og fir skilling i peng. Paa vegen møtte eg tri bedjarar og gav deim kvar ein fjordepart av brødet og kvar sin skilling. Siste fjordeparten aat eg upp i vertshuset, og fyr siste skillingen kaupte eg meg øl. No er eg radt snau, og hev ikkje du meir heller, so kann me gaa og beda oss i lag». — «Nei», sagde Sant Peter, «det treng me no ikkje heller; eg skynar meg ein grand paa doktering, og med det skal eg tena det eg treng». — «Ja ja», sagde Sutalaus’n «det kann ikkje eg noko med; eg fær ganga aaleine og beda, eg daa». — «Aa, kom berre og ver med meg», sagde Sant Peter, «naar eg tenar noko, skal du faa helvti av det». — «Jaja, det beste er godt nok», sagde Sutalaus’n, og so gjekk dei i fylgje.
So kom dei paa ein gard, og der høyrde dei slik gauling og jammer. Dei gjekk inn, og daa laag mannen fyr dauden og var mest slokna, og kjeringi jamra seg. «Ikkje skrika og graata, sagde Sant Peter, «eg skal gjera mannen god att, eg». Dermed tok han noko salva upp or lumma og smurde paa den sjuke, og straks vart han frisk og stod upp att. Baade mannen og kjeringi vart no so glade, og so spurde dei: «Kva skal me gjeva deg i løn, no daa?» — Sant Peter sagde han skulde ikkje hava noko, og di meir dei baud han, di meir neitta han aa taka imot noko. Daa gnugga Sutalaus’n med Sant Peter: «Tak no imot eitkvart, vit eg! me treng det daa», sagde han. Endeleg kom bonden med eit lamb og vilde gjeva Sant Peter; men han vilde ikkje taka imot. So gnugga Sutalaus’n han i sida att: «Tak det, din torsk! me treng det», sagde han. Daa sagde Sant Peter: «Ja ja, lambet skal eg taka, men eg vil ikkje bera det. Sidan det er du som vil hava det, so lyt du bera det». — «Det stend ikkje paa med det», sagde Sutalaus’n, «bera det kann eg alltid gjera», og so tok han det paa oksli. So gjekk dei ei stund, og so kom dei inn i ein skog, og daa var Sutalaus’n so trøytt av aa bera paa lambet, og svolten var han og, og so sa han til Sant Peter: «Sjaa her er ein fin plass, her kokar me lambet og ét det».
«Gjerne fyr meg», sagde St. Peter, «men eg kann ikkje koka; vil du koka, so er her ein kjel. Eg vil ganga litegrand, til dess det er kokt. Men du maa ikkje taka til eta fyrr eg kjem att; eg skal sjaa aa koma til tidar».
«Gakk berre», sagde Sutalaus’n, «eg skynar meg paa koking, og eg skal altid gjera det». So gjekk St. Peter, og Sutalaus’n tok lambet og slagta det, kveikte upp eld og let kjøtet uppi kjelen og til kokte. Lambet var alt kokt, og Sant Peter var ikkje attkomen endaa. Daa tok Sutalaus’n det upp or kjelen og til skar det sundt, og so fann han hjarta. «Dette skal vera beste biten», sa han med seg sjølv, og so smakte han paa det, og fyrr han visste ordet av, hadde han ete det upp. Endeleg kom Sant Peter att: «Du kann faa heile lambet aaleine, du, eg vil berre hava hjarta. Kom her med det!» sagde han. Aa ja, Sutalaus’n tok kniven og skar i kjøtet og leita etter hjarta, men kunde ’kje finna det. Endeleg mustra han: «Her er ’kje noko hjarta». «Korleis heng det ihop?» sagde Sant Peter. «Det veit eg ikkje», sagde Sutalaus’n, «men det er sant, me er no nokre toskar, leitar etter hjarta i eit lamb, og ingen av oss kjem ihug at lombi inkje hjarta hev!» sagde han. «Jaso», sagde Sant Peter, «det va noko sprettande nytt! Alle dyr hev hjarta, korleis skulde so lombi vera forutan hjarta?» «Nei, lombi hev ’kje hjarta», sagde Sutalaus’n; tenk deg no um, so tenkj’ eg du kjem til det, du og; for det er verkeleg so», sagde han.
«Jaja, hev det ikkje noko hjarta, so skal ikkje eg hava noko av det», sagde Sant Peter, ét lambet aaleine, du».
«Det eg ikkje vinn eta upp, legg eg i skreppa», sagde Sutalaus’n, og so aat han halve lambet, og resten lagde han i skreppa si.
So gjekk dei eit stykke. Daa laga Sant Peter det so, dei skulde yver ei elv. «Gakk fyre, du!» sagde Sant Peter. «Nei, gakk fyre, du!» sagde Sutalaus’n. «Er ho fyr djup, so vil ikkje eg yver,» tenkte han. Daa steig Sant Peter uti, og vatnet gjekk berre paa kneet. So steig Sutalaus’n uti og, men daa vart elvi so djup, ho gjekk radt upp paa halsen hans. «Hjelp med, bror!» ropte han. «Vil du tilstaa at du aat hjarta av lambet, daa?» sagde Sant Peter. «Nei», svara han, «eg hev ikkje ete det». Daa vart vatnet djupare og steig radt uppi munnen paa han. «Hjelp meg, bror!» sagde han. «Vil du tilstaa at du aat hjarta av lambet daa?» sagde Sant Peter. «Nei», sagde soldaten, «eg aat det ikkje».
Daa vilde ikkje Sant Peter han skulde bliva, og so tok han og hjelpte han yver.
So gjekk dei eit stykke att, og so kom dei i eit rike, der dei fekk høyra at kongsdotri laag for dauden. «Heisan! der er ein fangst fyr oss», sagde soldaten til Sant Peter; «gjer me henne god att, so er me hjelpne til æveleg tid». Daa tykte han Sant Peter var ikkje snar nok: «Tak føterne med deg, bror!» sagde han, «sjaa til me kann koma til tidar».

Men Peter gjekk berre seinare og seinare di meir Sutalaus’n skunda paa, og alt han taut, so hjelpte det ikkje. Endeleg fekk dei høyra at kongsdotri var daud. «No fekk me fyr drølingi di!» sagde Sutalaus’n.
«Tak det berre med tol», sagde Sant Peter, «eg kann fulla meir en lækja sjuke; eg kann vekkja uppatt daude og».
«Aa, kann du det», sagde Sutalaus’n, «so er alt væl, men daa maa du iminsto fortena oss halve kongeriket med det». So gjekk dei inn i kongsslottet, og der var det no slik sorg paa alle, kann ein vita. Men Sant Peter sagde med kongen at han skulde faa liv i dotter hans att. So fylgde dei han inn til henne, og daa sagde han: «Kom med ein kjel med vatn!» Daa kjelen var komen, sette han alle til aa gaa ut; berre Sutalaus’n skulde vera med han. So lima han kongsdotteri sund og sende limerne uppi vatnet, gjorde upp eld og til og kokte. Daa alt kjøtet losste beini, tok han dei fine kvite beini upp og lagde dei so fint til rettes i sin naturlege skipnad alle saman. Daa det var gjort, gjekk han burtfyr bordet og sagde tri vendor: «I namnet aat den heilage trieining, statt upp, du daude!»
Og tridje venda han sa det, ris kongsdotteri upp og var livande og frisk og fin. No vart kongen glad, kann du vita, og so sa han til Sant Peter: «Set paa kva du vil hava i løn, og um du so vil hava halve kongeriket, so skal du faa det.» Men St. Peter svarde: «Eg skal ikkje hava noko for det.» «Aa, din tosk!» tenkte Sutalaus’n med seg. Han gnugga felagen i sida, og so sagde han: «Ver ikkje so gapen! Vil ikkje du hava noko, so vil eg, for eg treng det.» Sant Peter vilde ’kje hava noko like vel; men daa kongen tyktest skyna at hin gjerne vilde taka imot eitkvart, sette han skattmeistaren sin til aa fylla skreppa hans med gull.
So gjekk dei eit stykke att, og so kom dei inn i ein skog. «Her skal me skifta gullet,» sagde Sant Peter. «Ja,» sagde Sutalaus’n, «det kann me gjera.» Daa tok Sant Peter og skifte gullet i tri luter. «Kva er det no som sviv han», tenkte Sutalaus’n, «skifta i tri, og me er berre tvo!» Daa sagde Sant Peter: «No hev eg skift det nøgje, ein lut aat meg og ein aat deg og ein aat den som aat lambe-hjarta.» «Aa, det var eg, det!» sagde Sutalaus’n, han strauk gullet til seg, «det kann du tru meg paa,» sagde han. «Korleis kann det vera sant,» sagde Sant Peter, «eit lamb hev daa ’kje hjarta.» «Aa, prat, kvar vil du av,» sagde Sutalaus’n, «eit lamb hev no vel hjarta som alle andre dyr. Kvifyr skulde det aaleine inkje hjarta hava?» — «Ja ja, hav gullet aaleine, du,» sagde Sant Peter, «men no vil eg ikkje vera med deg lenger, eg vil ganga min veg aaleine.» «Nett som du vil, bror!» sagde Sutalaus’n. «Liv so væl!»
So gjekk Sant Peter ein annan veg. Sutalaus’n tenkte med seg: «Det var godt han gjekk sin veg, det var daa ein rar heilagmann.» No hadde han daa pengar nok, men han visste ikkje aa styra dei; han øydde upp og gav burt og sette dei yver styr alle saman, so ei tid etter var han like snaud att. So kom han til eit land, og der fekk han høyra at kongsdotteri var daud. «Heisan!» tenkte han, «det skal verta gildt; henne skal eg vekkja uppatt, og taka betaling so det hev skikk.» Aa ja, han gjekk aat kongsgarden og baud seg til aa vekkja uppatt kongsdotteri. No hadde kongen høyrt at ein avdanka soldat som foor, hadde vekkt uppatt daude, og so spurde han raadarne sine. Dei sagde han kunde vaaga det, sidan dotteri var daud likevel. So sette Sutalaus’n dei til aa koma med ein kjel med vatn, baud dei aa ganga ut, alle saman, lima henne so sund og kasta henne uppi vatnet og kveikte upp eld som han hadde set Sant Peter hadde gjort. Daa vatnet var kome i kok, og kjøtet datt av, tok han beini upp og lagde dei paa bordet; men han visste ’kje kva ordning han skulde leggja dei i, og so lagde han dei gale. So stelte han seg framfyre og sagde: «I namnet aat den heilage trieining, statt upp du daude!» Han sagde det tri vendor, men beini ledde seg ikkje. Tri vendor til sagde han det men like lite nytta det. «Statt upp, ditt styggeting!» ropte han, «elles skal det ganga deg ille». Daa han hadde sagt det, kom Sant Peter inn gjenom glaset i skapnaden aat ein avdanka soldat, som han sisst hadde. «Du gudlause mann,» sagde han, «kva gjerer du paa, korleis kann den daude standa upp, soleis som du hev kasta beini umeinannan?» — «Eg hev gjort det som best eg kunde, bror,» sagde Sutalaus’n. Denne gongen skal eg hjelpa deg or naudi, men det segjer eg deg, at fer du med slikt oftare, so kjem du i ulukka for det. Og so maa du ikkje setja paa det minste, og ikkje taka mot nokor løn av kongen,» sagde Sant Peter.
So lagde han beini i rett ordning og sagde tri vendor: «I namnet aat den heilage trieining, statt upp, du daude!» Og kongsdotteri stod upp og var frisk og fin som fyrr. Sant Peter gjekk ut gjenom glaset, og Sutalaus’n var glad fordi det hadde gjenge so godt, men han var leid for han ikkje fekk taka mot nokor løn. «Undrast paa kva nykkjer han hev i hovudet,» tenkte han; «han gjev med eine handi og tek att med hi. Det er daa meiningslaust.» No baud kongen han kva han vilde, men han torde ’kje taka noko. Likevæl tala han frampaa og snudde det sløgt til, at kongen tok og fyllte skreppa hans med gull, og so gjekk han. Daa han kom ut, stod Sant Peter utfyre døri. «Du er ein godkar!» sagde han. «Hev eg ikkje forbode deg aa taka mot noko, og no kjem du med skreppa full med gull.» «Kann eg hjelpa det daa!» sagde Sutalaus’n, «naar han lagde det i, so — — —!» «Jaja, eg segjer det med deg, at du ikkje tek deg til slikt oftare, elles gjeng det deg ille.» «Aa, syt ikkje, det stend ikkje paa; no hev eg gull kva skulde eg daa gjeva meg paa beinkoking etter?» sagde Sutalaus’n. «Ja, gullet vil vara lenge,» sagde Sant Peter. «Men for at du ikkje skal ferdast paa forbodne vegar meir, so gjev eg deg her ei skreppa som er soleis laga at alt det du ynskjer inni henne, so er det der og. Liv so væl, no ser du meg ikkje meir.» «Far væl,» sagde Sutalaus’n. «Eg er glad du gjeng, din raring, eg skal ikkje ganga etter deg,» tenkte han. Men paa undermagti som skreppa hans hadde, tenkte han ikkje vidare.
Sutalaus’n foor ikring med gullet sitt, og sette det yver styr med sus og dus som fyrste gongen. So daa han ikkje hadde meir att enn fir skilling, kom han til eit vertshus, og so tenkte han: «Pengarne lyt ganga,» og kjøpte seg for tri skilling i vin og for ein skilling i brød. Medan han sat og drakk, kjende han so god lukt av steikt gaas. Sutalaus’n sat og glytte og glante, og so vart han var at verten hadde tvo gjæser standande i omnen. Daa kom det han i minnet kva felagen hans hadde sagt, at alt han ynskte i skreppa si, so skulde det vera der. «Heisan! det skal eg freista med gjæserne! Dermed gjekk han utfor døri, og so sagde han: «So ynskjer eg dei tvo steikte gjæserne or omnen og inn i skreppa mi.» Daa han hadde sagt det, let han upp skræppa og skoda nedi, og daa laag dei der, baae tvo.
«Ja, so er det rett daa,» sagde han, «no er eg ein velhalden mann.» So gjekk han ut paa ein grasbakke og tok upp steiki. Best han sat og aat, kom der tvo handverkssveinar. Den eine gaasi hadde han ikkje smakt endaa, og henne stirde dei paa med svoltne augo. So tenkte Sutalaus’n: «Du hev nok med ei.» Han ropte dei tvo burt til seg: «Tak denne gaasi og et henne paa mi velferd.» Dei sagde takk og æra, og gjekk inn i vertshuset og kaupte ei halv flaska vin og eit braud, tok fram gaasi dei hadde fenge, og tok til eta. Vertskona saag til, og vart var at dei aat paa ei gaas. So sagde ho til mannen: «Desse tvo et paa ei gaas. Sjaa etter um det ikkje er ei av deim som me hev sett burti omnen.» Verten burt og skoda etter, og daa var der tomt. «Dykkar tjuvepakk!» ropa han, «tenkjast de faa gjæserne fyr so godt kaup! Betalar de ikkje straks paa timen, so skal eg smyrja dykk med grønt hatlefeitt!» «Me er ikkje tjuvar,» sagde dei. «Det var ein avdanka soldat som gav oss gaasi burte paa bakken her.» — «De skal ikkje setja lang nos paa meg; soldaten hev vore her, men han var ein ærleg kar, for eg heldt auga med honom. Det er de som er tjuvarne, og no skal de betala.» — Men dei kunde ikkje betala, og so tok han ein stav og julte dei og jagde dei ut.
Sutalaus’n gjekk sin veg og kom paa ein stad der det stod eit fint slott, og tett attmed eit skarve vertshus. Han gjekk inn i vertshuset og bad um hus fyr natti, men verten viste han burt. «Her er ikkje rom,» sagde han, «huset er fullt med høge gjester.» — «Det undrar meg at dei kjem til dykk og ikkje tek inn i det gilde slottet her,» sagde Sutalaus’n. «Ja,» sagde verten, «det hev noko paa seg og liggja der ei natt. Dei som hev freista det hev ikkje kome livande utatt.» «Hev andre freista, so vil eg og freista,» sagde Sutalaus’n, «gjev meg berre lyklarne og unøgjes mat og drikka, og dermed rusla Sutalaus’n inn i slottet. Han aat og drakk, og daa han vart svevnug, lagde han seg paa golvet, for der var ingi seng. Det varde ikkje lenge fyrr han sovna, men um natti vakna han av eit forfærdeleg brak, og daa han hadde fenge svevnen or augo, saag han ni stygge devlar som var innkomne, dei heldt tak og dansa i ring um han. Daa sagde Sutalaus’n: «Dansa berre so lenge de vilja, men kom meg ikkje for nær.» Men devlarne trengde berre nærmare og nærmare inn paa han, og var mest um aa trakka i andlitet hans med stygge føterne sine. «Hald fred, dykkar devels-brandar!» sagde han. Men dei skurte paa verre og verre. Daa vart Sutalaus’n sint og skreik: «Huttetu, eg skal halda styr paa dykk, eg!» Treiv so ein stol og slo burt i dotten med. Men ni devlar paa ein soldat, det vart daa for mykje, og naar han slo til ein, so fakka hine han i haaret og hedna han so hovudet slirka. «Devels-pakk!» skreik han, «no vert de for galne. Men venta berre! Alle ni inn i skreppa mi!» Og kyst, der foor dei inn i skreppa alle saman, og han snørde aat loket og sende henne burt i kraai. So var det stilt med ein gong, og so lagde han seg til att, og sov til det var ljose dagen. Daa kom verten og ein stormann som aatte slottet. Dei vilde sjaa korleis det hadde gjenge med han. Daa dei saag han var baade frisk og tidug, vart dei radt upp i under, og so spurde dei: «Hev ikkje skrymtet gjort Dykk noko?» «Skrymtet?» sagde han, eg hev dei i skreppa mi alle ni. No kann De trygt bu i slottet Dykkar, heretter kjem der ikkje fleire av det slaget!» Daa takka stormannen han og gav han store gaavor, og vilde hava han i si tenesta og syta fyre han so lenge han livde. «Nei», sagde Sutalaus’n, «eg hev vant meg til fara og sletta, eg lyt rusla att.» So gjekk han derifraa og so kom han aat ei smidja. Han gjekk inn og lagde skreppa med dei ni devlarne paa smidjestaden, og bad smeden og drengjerne hans slaa til. Dei slo med storsleggjorne sine alt dei evla, so devlarne remja jammersleg. Daa han so opna skreppa, var aatte daude, men ein som hadde site i ei snytta, var i live endaa, og han var so avskræmd, han rende lukt til helvites att.
Sidan foor Sutalaus’n lenge ikring i verdi, og der var sagta mykje aa fortelja um det, den som hadde visst alt. Men so paa slutten vart han gamall, og foor til tenkte paa enden, og so gjekk han til ein einebue som var kjend fyr aa vera ein gudeleg mann. «Eg er trøytt av aa vanka ikring, og no vil eg trøyta meg etter aa koma i himmerikje,» sagde han. «Der er tvo vegar,» sagde einebuen, «den eine breid og makleg og gjeng til helvite, og hin er trong og bratt og gjeng til himmelen.» «Eg maatte vera ein tosk um eg gjekk den tronge bratte vegen,» tenkte Sutalaus’n. So lagde han i veg og gjekk etter den breide, maklege vegen, og endeleg kom han aat ein stor, svart port, og det var porten til helvite. Sutalaus’n kakka paa og dørvaktaren glytte ut, skulde sjaa kven det var. Men daa han saag Sutalaus’n, vart han so rædd, for det var nett den niande develen som hadde lege i skreppa, og var sloppen derifraa med eit blaatt auga. Difyr skunda han seg aa skreida loka fyre døri att og sprang til husbonden sin og sagde: «Der stend ein kar med ei skreppa ute, og vil inn, men lat han fyr all ting ikkje koma inn, for daa ynskjer han heile helvite inn i skreppa si. Han hev eingong hamra meg styggeleg i henne.» Ja, so vart der ropt ut at han skulde ganga, han kom ikkje inn. «Naar dei ikkje vil hava med her,» tenkte han, «lyt eg sjaa um eg ikkje fær tilhelde i himmelen. Ein stad lyt eg no vera.» Dermed snudde han og rusla iveg til han kom aat himmelporten, og der banka han paa. Sant Peter sat der nett og var dørvaktar. Sutalaus’n kjende han straks og tenkte: «Her finn du ein gamall ven, her gjeng det betre.» Men Sant Peter sagde: «Eg trur verkeleg du vil inn i himmelen?» — «Lat upp fyr meg, bror, eg lyt daa faa koma inn einkvar stad. Hadde dei teke imot meg i helvite, so hadde eg ikkje kome her.» — «Nei,» sagde Sant Peter, «her kjem du ikkje inn.» «Jaja, vil du ikkje sleppa meg inn, so tak att skreppa mi. «Eg vil ikkje hava noko hjaa deg,» sagde Sutalaus’n. «So kom her med henne,» sagde Sant Peter. Daa flidde han skreppa millom rimarne inn i himmelen, og Sant Peter tok og hengde henne attmed stolen sin. «No ynskjer eg meg sjølv inn i skreppa mi,» sagde Sutalaus’n og kyst, so var han der. No var han i himmelen komen og Sant Peter laut lata han vera der.

Informasjon for vitenskapelig analyse
Eventyrstatistikk | Verdi |
|---|---|
| Aarne-Thompson-Uther-indeks | ATU Typ 785 und 330 |
| Oversettelser | EN, ZH, ES, FR, RU, CZ, PT, JA, DE, VI, TR, IT, PL, NL, RO, HU, DA, FI, SE, BE, BG, SK, SL, SR |
| Lesbarhetsindeks etter Björnsson | 22,6 |
| Antall tegn | 19.519 |
| Antall bokstaver | 14.697 |
| Antall setninger | 261 |
| Antall ord | 3.772 |
| Gjennomsnittlig antall ord per setning | 14,45 |
| Ord med mer enn 6 bokstaver | 308 |
| Andel lange ord | 8,2% |
| Type-token-forhold (TTR) | 0,204 |
| Glidende gjennomsnittlig type-token-forhold (MATTR) | 0,771 |
| Mål for tekstuell leksikalsk diversitet (MTLD) | 63,0 |
| Hapax legomena | 420 |
| Gjennomsnittlig ordlengde | 3,91 |
| Median setningslengde | 14,0 |
| 90. persentil for setningslengde | 25,0 |
| Andel direkte tale | 51,8% |
| Setningskompleksitet | 1,52 |
| Konnektorer | 0 |
| Referensiell kohesjon | 0,036 |
| Kandidater for figurer/navn | Sutalaus’n (49), Peter (49), Sant (41), Tak (4), Her (2) |
| Samforekomstnettverk for figurer | Peter - Sant (48), Peter - Sutalaus’n (9), Sant - Sutalaus’n (7), Peter - Tak (3), Sant - Tak (3), Sutalaus’n - Tak (2), Her - Peter (1), Her - Sant (1) |
| Motiv-/taggkandidater | Брати Ґрімм |















