Lesetid: 8 min
Det var ei kokke som heitte å B Grete. Ho hadde rundhæla DIS == sko, og når ho var ute og gjekk,
>] h- vreid og vrikka ho på seg Ag
Å SE tenkte velnøgd med seg sjølv: Å SG | mi «Du er no ei retteleg ven
å dros!»
– SlaN – E Når ho so kom heim, drakk
ÆR NÆRER — ho velnøgd ein slurk vin, og
pA, når so vinen gav ho mathug,
SKE smaka ho so lenge på alt det WEN —— beste ho kokte at ho vart mett
bg og sa: «Kokka må vita korleis maten smakar!»
So hende det seg eingong at husbonden hennar sa: «I kveld kjem her ein gjest, Grete. Stell til tvo hønor so godt du berre kann.»
«Eg skal gjera det med ein gong, husbond,» svara Grete.
So slakta ho tvo hønor, nuppa dei, skålda dei og sette dei på tein, og då det leid til kvelds, heldt ho dei over elden og steikte dei.
Hønone tok til å verta brune og møyre; men gjesten var enno ikkje komen.
Då ropte Grete inn til husbonden sin:
«Kjem ikkje gjesten no, må eg taka hønone av; men det er både synd og skade at dei ikkje skal verta etne no straks, medan dei er saftige og gode.»
«Då vil eg sjølv springa av og henta gjesten,» sa husbonden.
Då husbonden so vidt hadde snutt ryggen til, la Grete steikjeteinen frå seg og tenkte: «Å stå so lenge ved varmen, gjer ein både sveitt og tyrst, og kven veit kor lenge det varer fyrr dei kjem. Eg vil springa ned i kjellaren og taka meg ein slurk.»
Ho sprang ned, tappa i ei krus og sa: «Skål, Grete!» og so tok ho seg ein god slurk. «Vinen gjev hug på meir,» sa ho, «og han er ikkje lett å lata vera,» og so tok ho seg ein dugeleg sup til.
No gjekk ho uppatt og tok å nyo til å steikja på hønone. Ho hadde smør på dei og snudde og vende dei i eitt.
Men då ho kjende den gode angen, tenkte ho: «Det er best å kjenna etter um noko vantar,» og so slikka ho på fingeren og sa: «Å nei og nei, kor godt det smakar, det er synd og skam at hønone ikkje skal verta etne no med ein gong.» Ho sprang burti vindauga og såg um ikkje husbonden og gjesten hans skulde koma; men ho såg ingen og tok difor til å stella med hønone att. Då fekk ho sjå at den eine vengen var litt brend, og so tenkte ho: «Det er best eg et han sjølv… Dermed skar ho han av og åt han, og han smaka svært godt. Men då ho var ferdig, kom ho til å tenkja at ho måtte taka av den andre vengen og, elles kunde husbonden merka at det var noko som vanta.
Då ho hadde ete båe vengene, gjekk ho på nytt burti vindauga og såg etter husbonden; men han kom ikkje.
«Kven veit,» kom ho på, «kanskje dei slett ikkje kjem, men hev gjenge inn ein annan stad.» Og so sa ho med seg sjølv: «Hei, Grete, ver lystig og glad. Den eine høna hev du alt smaka på. Tak deg ein god slurk vin til og et ho upp. Du fær ikkje fred fyrr ho er nede likevel. Og kvifor skal ein lata so gode gåvor stå unytta!»
Ho sprang difor nedatt i kjellaren og drakk seg ein retteleg god slurk, og so åt ho upp heile høna og gjorde seg til gode.
Då den eine høna var vel nede, og husbonden enno ikkje var komen, tok Grete til å sjå på den andre, og so tenkte ho: «Der den eine er, bør ogso den andre
vera. Dei tvo høyrer saman, og det som er rett for den eine, er rimeleg for den andre. Tek eg ein slurk til, so vil det ikkje skada meg, um eg et båe.» Og so tok ho seg ein herleg støyt til og let den andre høna fara same vegen som den fyrste.
Då ho åt som best, kom husbonden heimatt og ropte: «Skunda deg no, Grete. Gjesten kjem straks!»
| ER på FRIGG
«Ja vel, husbond, eg skal straks stella til,» svara Grete.
Husbonden gjekk so og såg etter um bordet var skikkeleg duka og påsett; so tok han den store kniven som han skulde skjera upp hønsesteiki med, og gjekk ut på svalgangen og tok til og kvessa han.
Med det same kom gjesten og banke vyrdeleg og vent på utdøri. Grete sprang ut og såg etter kven det var, og då ho fekk sjå at det var gjesten, la ho fingeren på munnen og sa: «Hysj, hysj! Skunda deg og kom deg av stad so snøgt du kann. Fær husbonden min tak i deg, vert du ulukkeleg. Han hev nok bede deg koma og
eta til kvelds, men han stiler berre på å skjera av deg båe øyro. Høyr berre kor han kvesser kniven!»
Gjesten høyrde kvessingi og skunda seg alt han kunde ned troppi og av garde. Men Grete var lur. Ho sprang til husbonden og ropte: «Jau, du hev bede ein gild gjest!»
«Kva meiner du med det, Grete?»
«Jau, hev han ikkje teke båe hønone av fatet som eg nett skulde bera inn, og sprunge sin veg!»
«Dette er fine greidor!» sa husbonden og var leid for dei gode hønone. «Hadde han i minsto late den eine liggja, so eg og hadde havt noko å eta,» sa han og ropte etter han; men gjesten lest som han ikkje høyrde, berre sprang.
Då sette husbonden etter han med kniven i neven og ropte: «Berre ei, berre ei!» Han meinte at gjesten skulde få berre den eine høna og ikkje båe. Men gjesten trudde han skulde missa det eine øyra. Difor sprang han som på eld og vilde berga båe.
pi

Informasjon for vitenskapelig analyse
Eventyrstatistikk | Verdi |
|---|---|
| Aarne-Thompson-Uther-indeks | ATU Typ 1741 |
| Oversettelser | EN, ZH, ES, FR, RU, CZ, PT, JA, DE, KO, VI, TR, IT, PL, NL, RO, HU, DA, FI, SE, BE, BG, SK, SR, LT |
| Lesbarhetsindeks etter Björnsson | 23,4 |
| Antall tegn | 4.786 |
| Antall bokstaver | 3.595 |
| Antall setninger | 57 |
| Antall ord | 976 |
| Gjennomsnittlig antall ord per setning | 17,12 |
| Ord med mer enn 6 bokstaver | 61 |
| Andel lange ord | 6,3% |
| Type-token-forhold (TTR) | 0,333 |
| Glidende gjennomsnittlig type-token-forhold (MATTR) | 0,788 |
| Mål for tekstuell leksikalsk diversitet (MTLD) | 70,3 |
| Hapax legomena | 193 |
| Gjennomsnittlig ordlengde | 3,68 |
| Median setningslengde | 13,0 |
| 90. persentil for setningslengde | 35,2 |
| Andel direkte tale | 49,9% |
| Setningskompleksitet | 1,53 |
| Konnektorer | 0 |
| Referensiell kohesjon | 0,026 |
| Kandidater for figurer/navn | Grete (12), Det (2) |
| Samforekomstnettverk for figurer | Det - Grete (1) |
| Motiv-/taggkandidater | Брати Ґрімм |














